Tidsskriftet Røyst er eit uavhengig tverrfagleg tidsskrift som skal vere ein plattform for diskusjo
Adresse
Bergen
Nettsted
Varslinger
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Tidsskriftet Røyst legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Kontakt Bedriften
Send en melding til Tidsskriftet Røyst:
Snarveier
Type
Tidsskriftet Røyst
Røyst er tidsskriftet som samlar ein slagkraftig venstreside om framtidas radikale politikk. Røyst vart fødd våren 2014. Tidsskriftet vart danna som ein reaksjon på den blåblå utviklinga i norsk politikk. Venstresida hadde fått seg eit kraftig skudd for baugen og låg tilsynelatande nedslått etter stortingsvalet hausten 2013. Ein gjeng engasjerte og frustrerte studentar i Bergen samla seg og byrja diskutera: Kva skjer med venstresida? Kvifor er Vestlandet så blått? Korleis kan det venstrepolitiske miljøet setje dagsorden og vere tydelegare i samfunnsdebatten? Korleis kan ein synleggjera dei politiske løysingane som framtida treng? Resultatet vart tidsskriftet Røyst. Røyst er del av ein intellektuell offensiv frå venstresida. Vi er eit uavhengig tverrfagleg tidsskrift som er ein plattform for diskusjon og nyvinning på tvers av partilinjer. Tidsskriftet er basert i Bergen og ynskjer å styrke politisk initiativ særleg på Vestlandet, med nasjonalt og internasjonalt utsyn. Røyst fyller båe eit politisk og geografisk tomrom.
Radio Røyst
I tillegg til det fysiske tidsskriftet produserer Røyst vår eigen podcast. Her tek vi opp dagsaktuelle tema medan vi forsøker vi å bringe podcastlandskapet i Norge litt til venstre.