Samferdselsfoto

Samferdselsfoto Samferdselsfoto har spesialisert seg på dokumentasjon av tema innanfor samferdsle gjennom foto/video/tekst, på eige og andre sitt initiativ.

01/01/2026

NYTT BUSSANBOD I GANG: I dag er fleire av dei nye Yutong-bussane sett inn på FRAM Ekspress mellom Volda-Moa/Ålesund-Kristiansund.

Her er ein av dei nye 15-meters boggibussane på sin første tur ut frå Volda i ettermiddag.

Ein del lokalbussar er også i sving, noko som aukar på i morgon. Men full ruteproduksjon med nyebussane blir det først frå 5. januar når skulerutene er tilbake.

GODT NYTT ÅR OG TAKK FOR DET GAMLE: 2025 nærmar seg slutten og 2026 ventar med nye samferdslehendingar. Nokre epokar er ...
31/12/2025

GODT NYTT ÅR OG TAKK FOR DET GAMLE: 2025 nærmar seg slutten og 2026 ventar med nye samferdslehendingar. Nokre epokar er over, andre begynner.

På Sunnmøre er 78 nye bussar klare til teneste i to nye anbod. Samtidig takkar mange trufaste profilar for seg etter mange år og utallige passasjerar i lokal- og langrutetrafikk.

Med dette bildet av to Volvo-ar på veg bort, og i front ein av mange nye Yutong-ar klar for sine første passasjerar frå 1. januar, ønskjer vi godt nytt år!

Med dette ferske stemningsbildet frå julaften morgon med Bruvik og Richard With på veg inn mot Ålesund, vil Samferdselsf...
24/12/2025

Med dette ferske stemningsbildet frå julaften morgon med Bruvik og Richard With på veg inn mot Ålesund, vil Samferdselsfoto ønskje alle kundar og følgjarar ei riktig god jul!

30/11/2025

BILFERGEN PÅ SJELDANT VINTERTOKT: I midten av november var den freda veteranferja "Bilfergen" på sjeldan vinterleg tur til Valldal inst på Sunnmøre i samband med eit utleigeoppdrag.

Den staselege veteranen vart bygt i 1921. I denne filmsnutten frå seglasen utover Storfjorden kan du nyte klassikaren gli gjennom det sunnmørske vinteren med sin taktfaste lyd frå den gamle Bolinder-maskina.

EIN HISTORISK DAG - BRØDRENE AA ER TILBAKEEit halvt år etter konkursen i mai var det idag igjen aktivitet ved det kjende...
24/11/2025

EIN HISTORISK DAG - BRØDRENE AA ER TILBAKE

Eit halvt år etter konkursen i mai var det idag igjen aktivitet ved det kjende verftet i Hyen. Verftet gjekk konkurs etter at kontrakta med Norled på dei tre nybygga Tyra, Vår og Magni vart kansellert. Verftet rakk akkurat å sjøsette det som skulle bli Magni to dagar før konkursen 30. mai. Trillingane har sidan lagt i opplag langs verftskaia.

Det nye selskapet Brødrene Aa Hyen AS som er heileigd av Aa-familien vidarefører no drifta etter å ha signert nødvendige avtalar med bustyret og bankane om å overta driftsmidlane frå idag.

Første arbeidsoperasjonen starta ved daggry måndag. Tyra, den førstefødde av trillingane, er seld til Geiranger Fjordservice og skal byggast om til sightseeingbåt for å setjast inn i turisttrafikken til selskapet. Dei første på jobb ved verftet fekk dermed i oppdrag å stokke om fartøya ved kaia for å føre Tyra til slippvogna og inn i byggehallen igjen. Etter endt ombygging blir den dermed sjøsett for andre gong, men med ny profil.

Hyggeleg at foto frå Samferdselsfoto pregar Vestland Classic AS sin stand på reiselivsmesse i Lugano, Sveits.Lykke til m...
02/11/2025

Hyggeleg at foto frå Samferdselsfoto pregar Vestland Classic AS sin stand på reiselivsmesse i Lugano, Sveits.

Lykke til med messa og godt sal av turar med legendariske Nordstjernen til jubileumssesongen som startar med 70-årscruise Bergen-Kirkenes-Bergen i mars 😊

https://www.facebook.com/share/p/1A6jmk7Cwz/

Visit us at the SIHE Swiss international holiday exhibition at Lugano, October 31st to November 02nd 2025. You find us at stand 479, in the Scandinavian Corner with neighbors from Finland and Iceland. And in front of us there is the stand of the historic Centovalli Railway.

THE FJORDS AVSLUTTA PÅ GEIRANGERFJORDEN: 31. oktober klokka 1600 la MF Bolsøy frå kai i Geiranger for siste gong i rute ...
31/10/2025

THE FJORDS AVSLUTTA PÅ GEIRANGERFJORDEN: 31. oktober klokka 1600 la MF Bolsøy frå kai i Geiranger for siste gong i rute for The Fjords.

Etter 11 sesongar utleigd til The Fjords, skal ferjeikona Bolsøy og Veøy etter planen frå neste år igjen driftast i Fjord1-regi på fjorden.

Avslutningsdagen vart markert med samling om bord for mannskap og tilsette i The Fjords og inviterte gjestar. Etter ruteslutt var toppsalongen dekka til julemiddag som siste felles avslutning for mannskap og rederi på sambandet.

Med storflagging og knallgule haustfargar som omgjevnader, var det eit vakkert skue å sjå Bolsøy for full fart gjennom fjorden. Veteranen blei bygt som Hjørungavåg i 1971 for ruta Ålesund-Hareid. I 1983 vart ho for første gong sett i rute Geiranger-Hellesylt. Med nokre få års unntak er det blitt kring 40 sesongar på ruta. Lang fartstid har også Veøy som vart lagt i opplag i september. Den kom inn på sambandet i 1997.

23/10/2025

FJORDPRINSESSEN kom onsdag kveld til Trondheim. No ventar utsjekk av mannskap før fartøyet går inn som fast fartøy saman med Ekspressen i Norled si rute Kristiansund Trondheim.

Fartøyet er bygt i 1999 av Oma Baatbyggeri a.s og oppgradert i år av Fjellstrand As .

23/10/2025

EKSPRESSEN OG FJORDJARL møttest i Trondheimsfjorden idag. Ekspressen er på testseglas og utsjekk av mannskap før den overtar som fast fartøy på Norled-ruta Kristiansund - Trondheim.

Begge fartøya er bygde av Oma Baatbyggeri a.s, henholdsvis i 2008 og 2020

HISTORISK MØTE MELLOM EKSPRESSEN OG EKSPRESSEN: Sist veke  møttest 50-års hurtigbåtutvikling ved Oma Slipp på Stord.Hydr...
13/10/2025

HISTORISK MØTE MELLOM EKSPRESSEN OG EKSPRESSEN: Sist veke møttest 50-års hurtigbåtutvikling ved Oma Slipp på Stord.

Hydrofoilbåten Ekspressen blei levert til Det Stavangerske Dampskibsselskap (DSD) i 1961 og gjekk i rute i Ryfylke til 1975.

Båten vart selt, men vart kjøpt tilbake av DSD i 2017 for å bli restaurert, eit prosjekt som stadig går framover i regi av Stiftelsen DSD Ekspressen, Hydrofoilbåten "EKSPRESSEN"

Den yngre Ekspressen blei levert til Tide Sjø av Oma Baatbyggeri a.s som Tideekspress i 2008 for ruta Hareid-Ålesund. Når Tide Sjø blei til Norled blei namnet endra til Ekspressen. Dei seinare åra har fartøyet pendla mellom Askøy og Bergen og siste halvåret vikariert i Oslo.

På veg mot si nye faste rute mellom Kristiansund og Trondheim gjennomfører Ekspressen eit verkstadopphald hos Oma Slipp, noko som også gav mulegheiter for historiske bilder.

Det høyrer med til situasjonen og kuriositeten at det tredje fartøyet som er synleg på bilda også har ekspress i namnet, nemleg Helgøy Express. Dette fartøyet blei levert til Fosen Namsos Sjø som Osenfjord i 2014 av Brødrene Aa. Ti år seinare blei den kjøpt av Helgøy Båt og gitt namnet den har idag.

FRÅ VALDRESEKSPRESSEN TIL VY BUSS OG VALDRESRUTA: I  september var det slutt for Valdresekspressen og Øst-Vest Xpressen ...
28/09/2025

FRÅ VALDRESEKSPRESSEN TIL VY BUSS OG VALDRESRUTA: I september var det slutt for Valdresekspressen og Øst-Vest Xpressen som del av Nor-Way Bussekspress. Jotunheimen Valdresruten Bilselskap (JVB) vedtok i midten av august å selge rutene til Vy Buss.

Vy starta i januar ekspressbussrute Oslo-Fagernes-Beitostølen/Bergen. To aktørar og fleire avgangar, til dels nært i avgangstider, har gitt sterk konkurranse om dei reisande.

Valdresekspressen er pioneren blant ekspressbussrutene i Noreg og hadde sin første avgang 2. juni 1985. På same dato var det dermed feiring av 40-årsjubileet til ruta i sommar. Rutene har gått mellom Årdalstangen og Beitostølen/Gjendesheim i vest til Oslo og Gardermoen i aust.

Øst-Vest Ekspressen blei starta i 1990. Første året gjekk ruta Lillehammer-Voss, men blei året etter strekt til Bergen.

Med overføringa av ekspressbussrutene frå JVB til Vy, vil bussane gradvis bli skifta ut med Vy Express-profilerte bussar. Selskapet melder at dei og vil fase inn fleire dobbeldekkarar.

I slutten av august kom nyheita om at Nor-Way Bussekspress likevel blir å sjå til og frå Valdres. Det nystarta selskapet Valdresruta eigd av Helge Kvame, Magnus Kvame og Olto Holding ville frå 15. september starte ei ny rute Oslo-Beitostølen/Gjendesheim.

Bildeserien viser siste vekene med Nor-Way profilane Valdresekspressen og Øst-Vest Ekspressen før dei blei avprofilerte. Samferdselsfoto var og med på første tur med nye Valdresruta frå Oslo til Gjendesheim.

05/09/2025

Ferjeikonet Veøy på ein roleg Geirangerfjord idag.

Adresse

Bergen

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Samferdselsfoto legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Samferdselsfoto:

Del