27/08/2021
KORLEIS LAGE PODKAST?
Som mange kanskje har fått med seg, så har eg brukt ein del tid på podkast og intervju av førstekandidatar til stortingsvalet etter sommarferien. Eg og tidlegare kollega, Eirin Aardal, har gjort alt sjølv - frå A til Å. Alt frå ide til planlegging, rigging og gjennomføring. Vi er framleis ikkje i mål, men straks. Kva har eg lært?🤓
✅ Jobb med ideen og tematikken. Juster om nødvendig, men det må vere ein raud tråd. Kva skal den handle om? Kva kan interessere målgruppa? I vårt tilfelle blei det valkamp, politikarar og politisk kommunikasjon. Det er gøy og interesserer oss veldig, men vi ville vere eit tilskot til etablerte media, by på eit nisjeprodukt. Vi skulle få fram ting som skjer bak sceneteppet, bli kjent med personane i større grad enn vanleg og halde god stemning. Vi skulle ikkje grille politisk. Manglande kapasitet til å førebu seg politisk i detalj var eit element, men vi ville ha det gøy og fremme interesse for valet. Dette var vår nisje. Så valde vi av kapasitetsårsaker å avgrense oss til dei partia som allereie er på stortinget. Synd for dei andre, men det blei for mange totalt sett.
✅ Økonomi. Vi har gjort dette ikkje-kommersielt av fleire årsaker. Val er lada og vrien å lage forretningsmodell på. Vi ville også lære utan press frå ein sponsor eller "eigar" og hauste erfaringar av det. Det har vore veldig deilig å ikkje kjenne på presset frå andre enn oss sjølve, men det tek tid og krev mykje arbeid, så eg gjer det nok ikkje igjen utan økonomi i det. Hadde vi planlagt dette tidlegare, så hadde vi søkt Fritt Ord om støtte. Den stiftelsen yter støtte til podkastar, men i forkant av prosjekt - ikkje i etterkant.
✅ Finn eit godt namn. Namnet må eigne seg til ulike flater som Facebook, Spotify og Apple. Test. Vi ville vere tydelege på at dette først og fremst var relevant for Sogn og Fjordane og at det gjaldt valkamp. Dermed blei det "Kampen om stortingsbenken Sogn og Fjordane". Litt langt, men enkelt å forstå.
✅ Kor ofte skal podkasten publisere nye episodar og når? Vi valde tre episodar i veka på faste dagar (måndag, onsdag og fredag). Det har holdt hardt fordi vi har brukt fritida på det. Den første episoden slapp vi midt på natta ( 🤪) og det har vore mange seine kveldar og helgar der vi har vore frista til å frigjere oss frå planen. 😴
✅ Lage logo og podkastgrafikk. Vi valde podkastplattformen Podbean. Den og appane vi sprer til (Spotify og Apple) har krav til format. Vi brukte Canva til å lage grafikkelementa. Vi prøvde å unngå fargar som leda til enkelte parti.
✅ Utstyr og studio er viktig. Vi kjøpte RØDE pro med fire mikrofonar med tilhøyrande utstyr. Pris ca. 12.000,- Dette blei testa heime i Middagsteigen før sommarferien. Etter ferien pussa Peak Sunnfjord opp bomberommet, lydisolerte og la til rette. Vi rigga opp og det har fungert fint. Innspelingane har gått fint. Folk har funne roen i vårt studio og vi har hatt det moro under opptak. Stemninga er viktig. Det same med opptaksnivå på lyd. Her har vi bedt folk om å sitte med same avstand til mikrofon, tett på, ikkje snu for mykje på hovudet, ikkje le for høgt rett inn i mikrofonen m.m. Ikkje enkelt! Dei fleste vil variere stemmebruken og dra seg vekk frå mikrofonen, naturleg nok.
✅ Ting tek tid. Sjølv om vi søker "godt nok"-nivå, så går det mykje tid til redigering i etterkant av opptak. Vi er begge opptatt av kvalitet og vi legg lista rimeleg høgt. Vi og intervjuobjekta likar å prate. Dessutan er vi ikkje lydspesialistar og vi filar veldig på lydnivå før vi er fornøgde. Rekorden med redigering i etterkant er sju timar på ein episode. 😝
✅ Bruk litt pengar på godt lydredigeringsprogram. Vi brukte gratisprogrammet Audacity, som er krevjande å lære seg og som heller ikkje har funksjonar som mange journalistar kjenner frå før. Har du eit godt alternativ som ikkje har proff-prisar?
✅ Når vi har redigert ferdig, så skal det publiserast til podkast-plattformen (Podbean). Det skal delast i sosiale medium. Her er det viktig å legge til rette for deling. Marknadsføring av heile podkasten bør ikkje gjerast for tidleg, ettersom vi produserte og publiserte episodar etterkvart. Vi har difor vald å auke på. Etter valnatta er den ikkje relevant lenger, så tidsvindauget er relativt kort. Her er det viktig å analysere og justere. Kvar dag (mange gonger per dag) er eg inne for å sjå på lyttartala. Dei kandidatane og partia som har delt mest, har også flest lyttarar/nedlastingar.
✅ Den viktigste lærdomen er at podkast er gøy, folk i farta likar det og vi har lært mykje god kommunikasjon og teknologi. Men, ting tek tid, så planlegg godt og høyr med andre som har gjort det før deg, eller les deg opp.
GOD PODKASTING! :-)
Her er lenka: https://kampenomstortingsbenkensfj.podbean.com/
Dei drøymer alle om å sitte på den gjevaste benken av alle, Sogn og Fjordane-benken på Stortinget, men det er plass til berre fire. Korleis er kampen? I denne podkast-serien møter du 9 førstekandidatar som alle ønskjer å påverke framtida vår. Vi tek deg ...