Er ein uavhengig podcast om sport, med studio på Bryne. Podcasten blir produsert av Øystein Nygård.
(8)
Adresse
Sandmyrvegen 81
Bryne
4341
Telefon
Nettsted
Varslinger
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når BrynePoddene legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Kontakt Bedriften
Send en melding til BrynePoddene:
Snarveier
Type
Kvifor det trengs ein podcast om Bryne
Ein gong var det tusenar på stadion. Ein gong var laget i toppen. Ein gong kom pokalen heim. Så rykka dei ned. Vart stabile på nivå to. Og draumen om å vere attende i det gjævaste selskapet byrja. Det kom kort for nokre år, før det vart attende til elendet. Eit elende som toppa seg føre halvtomme tribunar for nokre år sidan.
I dag står det folk på tribunane som knapt hugsar dei gode tidene. Dei har vekse opp i dei magre åra. Men iveren er der framleis. Håpet om at ein ein dag skal få sjå toppfotball att på Jæren. Når eit lag dett ned på stigen som er det norske seriesystemet vert interessa i media mindre. Vinden litt kaldare, songane litt færre. Stort sett høyrer ein dei same sogene om spelarar inn eller ut. Hissar seg opp og ned i takt med helgas resultat. Eller i verste fall sluttar å bry seg og tapar interessa til fordel for ballmagikarar på kontinentet. Men det skjer framleis ting i Bryne. Det er framleis eitt lag som representerer ein region og eitt merke. Men om det stort sett vert taust rundt klubben, med nokre få unnatak, vert interessa heller laber. Det vert som gamle Brøytar – dei er fine å sjå på, men det er lenge sidan dei grev ut verda. Men for oss som hugsar dei er det lett å tenke nostalgisk attende på tida å Bryne var best og Brøyt var nyttigast. I 2020 treng ein nye kanalar for å vite ting. Kva skjer i klubben. Kvifor speler ein 4-3-3? Kvifor gjekk det som det gjekk, i sei, 2010? Kva retning går klubben i no? Kva meiner folk? Kva meiner ekspertar? Korleis har fotballen endra seg? Og korleis vil den sjå ut i framtida? Fans har alltid mange spørsmål, men det er sjeldan at mange av desse spørsmåla vert tatt opp i media. Me sit ofte att med fleire spørsmål enn svar. BRYNEPODDANE har lyst til å spørje alle spørsmåla folk lurer på, men ikkje vågar spørje. Me skal få fram nyhende og historie. Spør spørsmåla om gode og dårlege tider. Trekke fram ting me, vonleg, får sjå på banen snart. Me skal vere uavhengige, tenke i andre banar enn vanleg og snakke med eitt så breitt spekter som mogleg. Kort sagt med skal gje dykk Bryne og fotball på ein ny måte. For å kome dit treng me støtte til utstyr. Det er ikkje så mange kroner om folk stiller opp med bidrag. Små som store er bra. Saman skal me nå målet om å gje gode opplevingar utanfor bana. Slik at folk kan høyre nytt og gamalt om klubben på arbeid, på trening, på veg til jobben, på hytta i helga eller medan ein går en tur ein stad. Når me har fått dette opp og gå vil ikkje lengre fotballen på Jæren vere den same i øyrene på folk. Så får me vona at det vert noko betre for auga òg i den sesongen som vonleg byrjar ein gong ut i 2020. Takk for bidrag Øystein og Asgeir. Øystein Nygård var lenge røysta i Jærradioen frå Bryne-kampar. Han kjenner klubben frå inn og utsida og som gamal keeper er han ikkje redd for å slege seg i sorpa. Asgeir Ueland er forfattar. Dekka Bryne ei kort tid mens han var i Jærbladet og har skrive om fotball i blant anna Josimar etter det.