08/03/2023
OM DET MENNESKELEGE OG DET IKKJE-MENNESKELEGE av Stein Arnold Hevrøy, Ole Karlsen og Ingrid Nielsen
Korleis kan vi forstå sambandet mellom det som er menneskeleg og det dyriske, geologiske eller tinglege? I denne antologien granskar litteraturforskarane Margit Ims, Janike Kampevold Larsen, Eirik Vassenden, Ole Karlsen, Elin Stengrundet, Fredrik Parelius, Stein Arnold Hevrøy, Silje Karlsen, Ingrid Nielsen og Torgeir Skorgen relasjonane mellom det menneskelege og det ikkje-menneskelege i dikt. Boka kjem til dømes inn på evolusjonstanken i Wergeland si politiske dikting, Bjørnøya og Tor Ulvens poesi, den samiske joiketradisjonen, og tolkingar av illustrasjonar til Prøysenvisa «Lille måltrost». Boka diskuterer også poetar som Jo Eggen, Inger Elisabeth Hansen, Gunvor Hofmo, Rainer Maria Rilke, Walt Whitman, Nils-Aslak Valkeapää, og Kjartan Hatløy.
Les mer og bestill her: https://bit.ly/OmDetMenneskelege